Ny sokneprest i Lunde og Flåbygd

Ny sokneprest i Lunde og Flåbygd

Denne veka vart Ragnhild Halden (35) utpeikt til ny sokneprest i Lunde og Flåbygd. Ho startar 1. august 2017.

Ho er for tida kapellan på Notodden, men er oppvaksen på Gvarv. Teologistudiet tok ho på Menighetsfaktultetet i Oslo, og hadde si første presteteneste i Nore og Uvdal frå 2009-2014. Ektemannen hennar er også frå Gvarv, og då dei for nokre år sidan byrja å tenka på å koma tilbake til Midt-Telemark, var Lunde og Flåbygd ein av dei stadane ho synte interesse for. Den gong vart det altså i staden kapellanstilling på Notodden, men no opna det seg eit nytt høve. Sidan bispedømmet av økonomiske årsaker har måtta kutte to prestestillingar og for tida har full stillingsstopp, vart den ledige stillinga i Lunde og Flåbygd ikkje lyst ut på den opne marknaden. Men sidan ei av stillingane som skal vekk må takast i Øvre Telemark, låg det til rette for ei intern rokkering mellom prestane i prostiet. Prosten er veldig glad for at Ragnhild Halden var motivert for å gå inn i soknepreststillinga i Lunde og Flåbygd og at soknerådet har teke så godt imot henne. Til sommaren får heile kyrkjelyden møte den nye soknepresten. Dato for innsettingsgudstenesta vil bli fastsett med det første.

Halden er i gang med å byggje hus på Gvarv, og kjem til å flytte dit til sommaren. Ho er likevel oppteken av å vere tydeleg til stades i lokalmiljøet i Lunde. Frå Notodden er ho alt godt kjent med konfirmant- og leiartreningsopplegget «Ønsket og elsket» og ser fram til å vidareføre dette også her i Lunde. Målet er at ho skal få møtt det nye konfirmantkullet minst ein gong før leiren no i sommar.

 

Prost Asgeir Sele.

Torsdag, 25 april 2024
Dagens Bibelord
Kontakt oss

Lunde prestekontor, Lundetunet
Postadresse:
Brugata 5, 3825 Lunde
Tlf: 469 10 186
E-post: kirken@nome.kirken.no

Kontortid:
Tirsdager 09.00 - 15.00

Ragnhild Halden, sokneprest
Tlf: 992 57 991
E-post: ragnhild@nome.kirken.no

Mona Halsvik, kirkeverge
Tlf: 957 27 214
E-post: mona@nome.kirken.no

Aslaug Storåsen Djuve, sekretær
Tlf: 469 10 186
E-post: aslaug.djuve@nome.kirken.no

Frøydis B. Holte, organist
Tlf: 95 02 72 82
E-post: froydis@nome.kirken.no

Dorota Rybka-Giers, trosopplærer & ungdomsleder
Tlf: 917 10 406
E-post: dorota@nome.kirken.no

Heidi G. Holth, trosopplærer & ungdomsleder
Tlf: 476 48 003
E-post: heidi.holth@nome.kirken.no

Jens Vassend, kirketjener
Tlf: 95 92 92 81
E-post: jens@nome.kirken.no

Jonny Bakkan, kirketjener
Tlf: 90 79 92 17
E-post:  jonny@nome.kirken.no

Hva skjer i menigheten?
Torsdag 25. april,
17:00 Minigospel
Velkommen til øvelse på Solhaug!
18:15 SuperTorsdag
på Solhaug Menighetshus.
Søndag 28. april,
11:00 Gudsteneste
i Flåbygd kyrkje.
Tirsdag 30. april,
19:00 KORiander
Velkommen til øvelse på Solhaug!
Torsdag 2. mai,
17:00 SuperTorsdag
på Solhaug Menighetshus. OBS! Ny tid denne dagen!
19:00 Vårkonsert med KORiander
i Flåbygd kyrkje. Velkommen til konsert!
Søndag 5. mai,
11:00 Familiegudsteneste
på Solhaug menighetshus.
Torsdag 9. mai,
11:00 Gudsteneste
i Romnes kirke. Felles for begge kyrkjelydane.
Fredag 17. mai,
18:00 17.mai gudsteneste
på Solhaug menighetshus, i samband med 17.mai feiringa.
Søndag 19. mai,
11:00 Gudsteneste
i Lunde kyrkje.
Powered by Cornerstone