Ei trygg hamn

Ei trygg hamn

UKRAINA: På flyktningsenteret til kyrkja Love of Christ møter vi 4 månader gamle Miran og mora Takhmina. Dei har vore i fangenskap og på flukt sidan krigen braut ut for snart tre år sidan. Medan dei eldste barna leikar i portrommet utanfor, fortel Takhmina oss historia si, med Miran ved brystet.

Då russarane kom

Russarane kom så fort at familien ikkje rakk å flykte. Soldatar small opp døra heime hos henne, der ho sat åleine med barna. Dei neste ni månadene vart eit mareritt, der ho berre fekk oppleve dagslys ein einaste gong. Takhmina og barna vart låste ned i kjellaren, medan soldatane slo seg ned i huset. Ho og barna torde ikkje gå ut. Ei bøtte vart toalettet til heile familien, rå poteter og innimellom nokre grønsaker var alt dei fekk å ete. Lukta var forferdeleg. Ein pensjonert nabo risikerte livet ved å levere drikkevatn til familien nokre gonger i veka.

 

Ei trygg hamn

Tryggleiken

Ukrainske styrkar klarte til slutt å ta tilbake området der dei budde. Nyleg kom ho til tilfluktsrommet i Mykolaiv der Kirkens Nødhjelp, saman med den lokale kyrkjelyden, har gjort bomberommet under kyrkja om til ein trygg heim for folk på flukt. Her finst senger, kjøken, dusj og aktivitetsrom for barn. Ei nydeleg lukt av borschtsuppe siv ut frå kjøkenet.

 – For første gong på veldig lenge søv vi no gjennom heile natta. Det er så stille og godt her, og det kjennest som vi har kome til ei trygg hamn. 

 Folk i kyrkjelyden og andre frivillige hjelper flyktningane med det dei treng. Takhmina og barna har hatt besøk av ein psykolog i dag tidleg, og jobbar no med å skaffa seg nødvendige papir, slik at dei kan få sosialstøtte og kome seg vidare i livet.

 – Det er Guds velsigning at vi klarte å kome oss levande hit til denne staden, seier Takhmina.

Både i Ukraina og i Noreg skal vi snart feire jul og minnast den natta Jesusbarnet vart fødd inn i ei verd med fattigdom, forfølging og nød.

No, som då, er Gud midt i lidinga og nøda. Vi ser om og om igjen at menneske finn trøyst og håp i trua på noko som er større. Større enn oss sjølve, større enn fortvilinga og større enn "her og no". Kirkens Nødhjelp samarbeider med kyrkjer og religiøse samarbeidspartnarar over heile verda. Vi har ein tilleggsverdi i vårt diakonale arbeid - trua på eit håp, og at alle menneske er like mykje verd. Det er vårt kall og vår oppgåve å kjempe mot nød og fattigdom. Saman med kyrkjene i Noreg reddar vi liv, byggjer sterke lokalsamfunn og kjemper for rettferd - kvar dag. 

SLIK GJEV DU DEN VIKTIGASTE JULEGÅVA I ÅR:
Vipps eit valfritt beløp til 2426
Send GAVE på SMS til 2426 og gje 300 kroner.
Gåvekonto: 1594.22.87248

Ei trygg hamn

Foto: Håvard Bjelland, Kirkens Nødhjelp

Onsdag, 10 desember 2025
Dagens Bibelord
Kontakt oss

Lunde prestekontor, Lundetunet
Postadresse:
Brugata 5, 3825 Lunde
Tlf: 469 10 186
E-post: kirken@nome.kirken.no

Kontortid:
Tirsdager 09.00 - 15.00

Ragnhild Halden, sokneprest
Tlf: 992 57 991
E-post: ragnhild@nome.kirken.no

Mona Halsvik, kirkeverge
Tlf: 957 27 214
E-post: mona@nome.kirken.no

Aslaug Storåsen Djuve, sekretær
Tlf: 469 10 186
E-post: aslaug.djuve@nome.kirken.no

Frøydis B. Holte, organist
Tlf: 95 02 72 82
E-post: froydisfroydis@nome.kirken.no

Dorota Rybka-Giers, trosopplærer & ungdomsarbeider
Tlf: 917 10 406
E-post: dorota@nome.kirken.no

Jens Vassend, kirketjener
Tlf: 95 92 92 81
E-post: jens@nome.kirken.no

Jonny Bakkan, kirketjener
Tlf: 90 79 92 17
E-post:  jonny@nome.kirken.no


Tilgjengelighetserklæring

Hva skjer i menigheten?
Torsdag 11. desember,
19:00 Julekonsert i Holla kirke
Con Vocale og Benjamin Da Silva inviterer til julekonsert i Holla kirke. Velkommen!
Søndag 14. desember,
11:00 Gudsteneste
Lysmesse og presentasjon av neste års konfirmantar i Lunde kyrkje.
Onsdag 24. desember,
14:00 Julegudsteneste
i Flåbygd kyrkje. Solist Magnus Dorholt Kjeldal.
16:00 Julegudsteneste
i Lunde kyrkje. Solist Magnus Dorholt Kjeldal.
Torsdag 25. desember,
12:00 Gudsteneste
i Lunde kyrkje. Solist Ina-Marie Andersen Fehn.
Fredag 26. desember,
11:00 Gudsteneste
på Nome sjukeheim.
Torsdag 1. januar,
16:00 Gudsteneste
i Landsmarka kapell.
Torsdag 15. januar,
18:15 SuperTorsdag
Vi leker, har sprell, tenner lys, lærer bibelfortellinger, har hobbyaktiviteter og spiser is, matbit eller annen snacks.
Torsdag 22. januar,
18:15 SuperTorsdag
Vi leker, har sprell, tenner lys, lærer bibelfortellinger, har hobbyaktiviteter og spiser is, matbit eller annen snacks.
Søndag 25. januar,
18:00 Salmekveld
med Lunde Mållag i Flåbygd kyrkje.
Powered by Cornerstone