Preses Olav Fykse Tveits juleandakt

Preses Olav Fykse Tveits juleandakt

Jula nærmar seg, og Preses Olav Fykse Tveit har ei helsing der han skriv om juleevangeliet og fred på jord.

Noko som går rett heim?

Kvar julaftan les vi juleevangeliet i kyrkja. Mange har hatt den tradisjonen at dei les det høgt heime også. Sjølv om det kan verke som litt «dobbelt opp», dersom ein har høyrt det på julegudstenesta, skjer det noko nytt når det skjer heime. Det er rett og slett ein svært vakker skikk. Det er kanskje ikkje så ofte ein les noko høgt heime. Men julaftan er annleis på så mange vis. Så kanskje be nokon av barna øve seg på det, og la det bli noko som kan gjere dei stolte og som dei hugsar seinare i livet? Det kan knytast til det dei lærer på skulen både om høgtlesing og om kvifor ein feirar jul.

Det er ein annan grunn til at det passar særleg godt å lese juleevangeliet heime: Det handlar jo om ei familiehistorie. Riktig nok er det ei litt spesiell historie om ein fødsel under heilt spesielle forhold, i alle fall i forhold til kva vi har erfart om fødsler. Men ein fødsel er ei oppleving svært mange – også menn - har vore med på. Og det er av dei sterkaste opplevingar i livet. Mykje blir lite samanlikna med det.

Når vi les frå Lukasevangeliet i det andre kapittelet «I dei dagane let keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal utover heile verda», så kjem det rett etter historia om ein mann som har blitt slått av gleda og alvoret i å få ein son. Det er rett frå ei intern familiehistorie til verdspolitikk. Sakarja var namnet, og han er far til døyparen Johannes. Vi får høyre korleis han bad då han skulle uttrykke den enorme gleda og forventning til at eit nytt menneske skulle bli født. Det er eit vakkert dikt, men det vert omtala som ein profeti om kven Jesus skulle vere - for heile verda.

Eit nytt liv er eit under for dei som er foreldre og familie til barnet. At Jesus vart født, som Guds Son, er eit under for alle menneske. Det er eit uttrykk for at Gud vil kome «rett heim» til oss alle. Difor heiter det i det vakre diktet som Sakarja sa fram om han som skulle kome:

«Slik skal lyset frå det høge

gjesta som ein soloppgang

og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,

og styra våre føter inn på fredens veg.» (Luk 1, 78-79)

I dagens verd er det alt for mange som «bur i mørker og dødens skugge». Dei treng desperat at det er nokon som kan «styra våre føter inn på fredens veg.»

Det går «rett heim» hos oss dei fleste av oss at fred har noko med jul å gjere. «Fred på jorden!» syng vi, og håpar på ein eller annan måte at det er sant.  Ja, i jula ønskjer vi oss fri og fred frå oppgåver og mas. For nokon er dette veldig aktuelt. Nokon lever i konfliktar i nære relasjonar, eller i dei store konfliktar i verda. I Midtausten er det mange familiar som har mista sine i krig nettopp dette året. I Noreg er det mange fleire flyktningar i Noreg i år enn det har vore før, særleg frå Ukraina.

Vi kan alle gje nokon eit teikn på at Guds fred høyrer heime hos oss. Ja, at juleevangeliet er eit bodskap om at Gud vil noko som «kan gå rett heim» hos nokon kvar. Gud vil gi fred i hjarta og fred i verda.

Difor feirar vi jul. Vi feirar at Gud kjem «rett heim» til oss. Når vi les juleevangeliet. Ja, eigenleg når som helst, akkurat som når sola står opp, og skin for oss alle. Då gjeld det å dra bort gardinene og la lyset strøyme inn.

Difor feirar vi jul både i kyrkja og heime.

Velsigna julehøgtid! 

Preses Olav Fykse Tveits juleandakt

 

Søndag, 16 mars 2025
Dagens Bibelord
Kontakt oss

Lunde prestekontor, Lundetunet
Postadresse:
Brugata 5, 3825 Lunde
Tlf: 469 10 186
E-post: kirken@nome.kirken.no

Kontortid:
Tirsdager 09.00 - 15.00

Ragnhild Halden, sokneprest
Tlf: 992 57 991
E-post: ragnhild@nome.kirken.no

Mona Halsvik, kirkeverge
Tlf: 957 27 214
E-post: mona@nome.kirken.no

Aslaug Storåsen Djuve, sekretær
Tlf: 469 10 186
E-post: aslaug.djuve@nome.kirken.no

Frøydis B. Holte, organist
Tlf: 95 02 72 82
E-post: froydis@nome.kirken.no

Dorota Rybka-Giers, trosopplærer & ungdomsarbeider
Tlf: 917 10 406
E-post: dorota@nome.kirken.no

Jens Vassend, kirketjener
Tlf: 95 92 92 81
E-post: jens@nome.kirken.no

Jonny Bakkan, kirketjener
Tlf: 90 79 92 17
E-post:  jonny@nome.kirken.no


Tilgjengelighetserklæring

Hva skjer i menigheten?
Tirsdag 18. mars,
19:00 KORiander sangoppdrag i Skien
Bli gjerne med oss til KFUK/KFUM i Skien kl 19:00
Onsdag 19. mars,
19:00 Sofagudsteneste
på Solhaug menighetshus. Kveldsmat.
Torsdag 20. mars,
17:00 MiniGospel
Velkommen til øvelse på Solhaug!
18:15 SuperTorsdag
på Solhaug Menighetshus for alle barn i 1.-6. klasse! Vi leker, har sprell, tenner lys, lærer bibelfortellinger, har hobbyaktiviteter og spiser is, matbit eller annen snacks.
Fredag 21. mars,
19:30 FIDUS
på Solhaug med åpen kjeller der dere kan spille bordtennis, biljard, kort eller bare henge! Vi har kiosk med milkshake og annet snacks. Velkommen til alle i 7.-10. klasse. Sees!
Søndag 23. mars,
11:00 Gudsteneste
i Holla kirke. Felles for begge sokn.
Tirsdag 25. mars,
11:30 Babysang
på Ulefoss Samfunnshus, tirsdager fra kl. 11:30 - 12:00. Barseltreff fortsetter fra 12-14, her kan man ta med nistepakken og spise og leke sammen.
19:00 KORiander
Velkommen til øvelse på Solhaug
Torsdag 27. mars,
17:00 MiniGospel
Velkommen til øvelse på Solhaug!
18:15 SuperTorsdag
på Solhaug Menighetshus for alle barn i 1.-6. klasse! Vi leker, har sprell, tenner lys, lærer bibelfortellinger, har hobbyaktiviteter og spiser is, matbit eller annen snacks.
Powered by Cornerstone