KORiander - Julekonsert 2024

KORiander - Julekonsert 2024

Sundag 08.desember gjekk den årlege julekonserten frå vårt eminente kor av stabelen, og for ein konsert det vart!

8. desember arrangera KORiander i tradisjonen tru julekonsert i Lunde kyrkje. Og ved slike anledningar er kyrkja alltid full av folk. Koret med dirigent Frøydis i spissen, levera som vanleg ein konsert med ei god blanding av tradisjonsrike julesongar, og for koret og kanskje folk flest, nye julesongar. På dei gamle gode julesongane bidrog salen med fin allsong.
Nils Steinar Stavsholt var som vanleg konferansier, og med sin lune humor bidrog han til ei god stemning i kyrkja. Kristian Hanto var tekstopplesar. Begge sjølvsagt medlemmer av koret.
Bjørn Lona med medhjelpar Bjørn Skobba sørga for stemningsfulle lyskulisser, og ikkje minst for gode lydforhold for songarar og dagens musikarar. Og sjølvsagt for publikum.

KORiander - Julekonsert 2024


Musikarane, som var dei same som i fjor, var kapellmeister Jan Tore Halvorsen Gauslaa orgel/trekkspel, Erling Eriksen bass, Rolf Eikeland gitar og Kasper Hilsen trommer. Korets eigen Katrine Røimål Burmester bidrog med stemningsfulle fløytetonar.
Årets gjesteartistar, som blei tatt godt imot av publikum var Irene Holte Skugstad og Vetle Rønningen. Begge veteranar i denne samanhengen.
Koret, som forresten har blitt ein del større sidan sist, stilte opp med sine eigne solistar.

KORiander - Julekonsert 2024


Konserten vart avslutta med blomar til dei som hadde gjort ein ekstra innsats. Blomar som kom med klemmar frå korets leiar Unni Madsen.
Det må og nemnast at koret fekk ei støtte frå Sparebankstiftelsen Nome til konserten som kom godt med.

KORiander - Julekonsert 2024
Fredag, 24 januar 2025
Dagens Bibelord
Kontakt oss

Lunde prestekontor, Lundetunet
Postadresse:
Brugata 5, 3825 Lunde
Tlf: 469 10 186
E-post: kirken@nome.kirken.no

Kontortid:
Tirsdager 09.00 - 15.00

Ragnhild Halden, sokneprest
Tlf: 992 57 991
E-post: ragnhild@nome.kirken.no

Mona Halsvik, kirkeverge
Tlf: 957 27 214
E-post: mona@nome.kirken.no

Aslaug Storåsen Djuve, sekretær
Tlf: 469 10 186
E-post: aslaug.djuve@nome.kirken.no

Frøydis B. Holte, organist
Tlf: 95 02 72 82
E-post: froydis@nome.kirken.no

Dorota Rybka-Giers, trosopplærer & ungdomsarbeider
Tlf: 917 10 406
E-post: dorota@nome.kirken.no

Jens Vassend, kirketjener
Tlf: 95 92 92 81
E-post: jens@nome.kirken.no

Jonny Bakkan, kirketjener
Tlf: 90 79 92 17
E-post:  jonny@nome.kirken.no


Tilgjengelighetserklæring

Hva skjer i menigheten?
Fredag 24. januar,
19:30 FIDUS
på Solhaug med åpen kjeller der dere kan spille bordtennis, biljard, kort eller bare henge! Vi har kiosk med milkshake og annet snacks. Velkommen til alle i 7.-10. klasse. Sees!
Søndag 26. januar,
11:00 Gudsteneste
i Holla kirke. Felles for begge sokn denne dagen.
Tirsdag 28. januar,
19:00 KORiander
Velkommen til øvelse på Solhaug
Torsdag 30. januar,
17:00 MiniGospel
Velkommen til øvelse på Solhaug!
Søndag 2. februar,
11:00 Gudsteneste
i Lunde kyrkje.
Tirsdag 4. februar,
19:00 KORiander
Velkommen til øvelse på Solhaug
Torsdag 6. februar,
17:00 MiniGospel
Velkommen til øvelse på Solhaug!
Fredag 7. februar,
19:30 FIDUS
på Solhaug med åpen kjeller der dere kan spille bordtennis, biljard, kort eller bare henge! Vi har kiosk med milkshake og annet snacks. Velkommen til alle i 7.-10. klasse. Sees!
Søndag 9. februar,
11:00 Familiegudsteneste
med karneval i Lunde kyrkje. Utdeling av 4-års bok.
Tirsdag 11. februar,
19:00 KORiander
Velkommen til øvelse på Solhaug
Powered by Cornerstone