Dei frammøtte fekk med seg ein sterk versjon av Draumkvedet trettande dag jul, i den vakre vesle krosskyrkja ved Straumens breidd i vinterkledde Flåbygd. Det er etter kvart blitt sjeldan å høyre dette monumentale visjonsdiktet framført som rein solo utan tonefølgje. Det viste seg igjen at det er med denne tradisjonelle forma at ein kvedar best evnar å få fram den rare litt skeive tonaliteten i dette eldgamle tradisjonsstoffet.
Ingvill Marit Buen Garnås framførte ei lett tilpassa form etter Maren Ramskeid frå Kviteseid, nedteikna av Olea Crøger og utgjeve av M.B. Landstad i 1851. Det er andakt over Draumkvedet slik vi høyrte det i kyrkja denne vinterkvelden. Garnås er ein kvedar som har ei både stillfarande og kraftfull formidling som rører sterkt ved tilhøyrarane. Den nakne stemma står godt til desse strofene, slik dei blei presenterte med dei ulike gamlestevtonane som er nytta i tradisjonen.
I avrundinga av konserten fekk Garnås med seg dei frammøtte på omkvedet i den gamle versjonen av Et barn er født i Betlehem. Med felles halleluja og det stillferdige nyårsverset blei kvelden runda av. Ei annleis musikalsk oppleving i Flåbygd denne kvelden, med stearinlys som einaste lyskjelde. – Og eit godt tiltak frå arrangøren Lunde og Flåbygd sokneråd.
KH.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Mandag, 23 April 2018 | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Dagens Bibelord |
![]() |
![]() |
![]() | |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Kontakt oss |
![]() |
![]() |
Lunde prestekontor, Lundetunet Kontortid: Frøydis B. Holte, organist Anette S. Krøgli, menighetssekretær Cathrine Friberg, trosopplærer & ungdomsarbeider Jens Vassend, kirketjener Jonny Bakkan, kirketjener |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hva skjer i menigheten?
|